Hopp til hovedinnhold

Ringebu-Marit

- Ei anna tid, eit anna liv

På Rindal skimuseum er det i alt 15 bygningar, alle med ulik historie og kvar sin bakgrunn. Den mest spesielle historia må like vel vere den som er knytta til det vesle eldhuset på husmannsplassen Stokke. Det blir fortalt at her budde det i gamle dagar ei kvinne som gjekk under namnet Ringebu-Marit.

Om henne fortel historia at ho kom frå Ringebu i Gudbrandsdalen, men hadde fått eit barn utan å være gift og derfor vart jaga heimanfrå. Det var knytt stor skam til å få barn utanfor ekteskap på den tida. Barnet vart truleg bortsett, Marit la ut på vandring og ende på eitt eller anna vis opp i Rindal. Her livnærde ho seg ved å bake flatbrød rundt om på gardane. På slike turar var ho gjerne borte i fleire dagar, men innimellom skal ho ha hatt tilhald i det vesle eldhuset, som på den tida stod på plassen Brønstadtrøa. Nokon annan heim hadde ho ikkje.

Dette må ha vore ein særs kummerleg bustad, spesielt på vinters tid. Eit lite tømmerhus på 2,5 x 3 meter med eitt lite vindu og jordgolv. Sidan dette er eldhus, er grua forhaldsvis stor, og tek om lag ein firedel av heile rommet. Ved sida av grua kan det ha vore ei brisk til å ligge på, men denne må ha vore kort. Elles i rommet eit lite bord og ein stol, stort meir er det ikkje plass til, men Marit hadde truleg heller ikkje mykje jordisk gods.

Ein haust var Ringebu-Marit i nabokommunen Hemne på flatbrødbaking. Skulle ein dit, var det vanleg å gå beinveges over fjellet på den tida, og når ho først kom til Hemne, vart ho truleg verande ei tid. På heimvegen vart ho overraska av snø og kaldt ver og fraus i hel på fjellet. Ho vart ikkje etterlyst, hemnveringane trudde vel ho var vel framme i Rindal, medan folk her gjekk ut i frå at ho vart vinteren over i Hemne. Familie som sakna henne hadde ho heller ikkje. Ho vart funnen neste vår, da gjetarar frå Austigard Bjørnås skulle følgje buskapen til utmarka. Attmed liket fann dei ein trelaup med nokre spekesild ho truleg hadde fått som løn for arbeidet.

Laupen til Ringebu-Marit vart lenge teken vare på på Austigard Bjørnås. Lars Bjørnås, fødd 1922, hugsa denne laupen, som etter kvart vart i så dårleg stand at han vart oppbrent.

Eksakt kva år dette hende, veit ein ikkje, men ein meiner det skal ha skjedd før 1850. Historia fortel heller ikkje kvar og når Ringebu-Marit vart gravlagt. Ho fekk nok ingen gravstein, men på plassen der ho vart funnen, om lag på høgste punktet på turen over fjellet, med utsikt over Stor-Brandåvatnet, er det reist ein minnevarde over henne. Her kan fjellvandraren stoppe opp og fundere litt over livet og døden og den tragiske lagnaden til eit fattiglem for snart to hundre år sida. - Ei anna tid, eit anna liv.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1